”Død manns kiste” av Johan B. Mjønes

Død manns kiste

«Så hører han lyden av spaden gjennom luften. Suset av spaden gjennom luften før han hører lyden av sin egen hodeskalle som knuser” (Mjønes 2013:8).

Slik startar boka, og ikkje før på dei siste sidene får vi løysinga på kva som skjedde den gangen.

”Død manns kiste” er Johan B. Mjønes sin fyrste ungdomsbok, og er utgjeven i 2013. Boka byr på sitrande spenning frå fyrste side, og spenningen held seg heilt til siste side. Dette er ei bok du ikkje klarar å leggje frå deg, handlinga dreg deg vidare. Sjølv om boka er spekka med spenning, har den og element av kjærleik og venskap.

Paul og Leif er syskenbarn, og skal på sommarfeie til onkelen og tanta. Dei skal vedlikehalde huset til onkelen og tanta medan dei er på ferie. Planen deira er å nytte dei fyrste dagane til å vedlikehalde huset, for deretter å ha resten av dagane fri. Dei elskar å dykke, og har store planar. Onkelen deira har åtvara dei mot å dykke i Mistfjord, alle veit at tåka der er farleg. Likevel vel gutane å ikkje lytte til onkelen sitt råd.

Medan dei er ute på dykkartur oppdagar dei eit vrak frå krigen. Dei finn og ei kyrkjebok i den forlatte bygda i Mistfjord. Eit mysterium opnar seg, og dei oppdagar at onkelen er ein del av det heile. Før dei veit ordet av det kjem tåka til Mistfjord, og i tåka skjuler det seg noko. ”For tåka skjuler alt og slipper ingen fri” (Mjønes 2013:omslaget).

”Død manns kiste” passar for ungdom som likar spenning, og ikkje er redde for å bli skremd. Ho er lettlest, og dei fleste ungdom vil kunne lese ho utan store problem. Om du ikkje likar bøker med mykje skildring og ei langdryg handling, er dette boka for deg! Denne boka er absolutt verdt tida di.

Ikkje la tåka ta deg!

Skrive av Karoline

Se flere anmeldelser av boka her.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s